| Tor`s tips for runde 10 |
|
|
|
| Skrive av Jan-Terje Sætre |
| fredag 12. juni 2009 13:47 |
|
Tor Eivind Karlsen presenterer sine tips for runde 10. Karlsen har ikkje tru på nokon overraskingar denne runden og leverer inn ein heller kjedeleg "bong" med lav odds. Nordnes-Austrheim/Lindås Nordnes gjekk på eit nytt tap mot Trane. Dei imponerte tidvis i førsteomgangen og leda og 2-0. Fekk tydelege nervar då Trane reduserte og framstod meir og meir som eit lag i motgang. Likevel er dei ikkje eit lag ein kan ta for lett på. A/L vann greit utan å overbevisa mot Gneist 2. Johnny Håkull vart dagens mann i sin debut og det vert spanande å sjå om han heldt fram i same spor. Laget slit med småskadar og det er usikkert per no kva lag ein klarar å stabla på beina. Tips: 1-3 Gneist 2-Kjøkkelvik Gneist 2 viste seg frå ei heller svak side mot A/L sist. Er ustabile og kan overraska. Kjøkkelvik er i slag for tida. Burde påført Fusa årets første tap og rapportane seier dei var beint fram uheldige som ikkje vann den kampen. Tips 1-3 Floppen-Strandebarm Floppen gjorde etter eige utsagn sin værste kamp på dei åra laget har eksistert i 4-5 kampen mot Eidsvåg sist. Er frykteleg ustabile men bør kunne hamla greit opp med poengløse Strandebarm. Tips: 5-2 Fusa fotball-Eidsvåg Fusa var noko heldige som klarte å få med seg 1 poeng mot Kjøkkelvik. Skal likevel vera betre enn ustabile Eidsvåg som ikkje trivast særleg godt på naturgras. Tippar ein grei, komfortabel siger for fusingane. Tips: 4-0 Austevoll 2-Kvernbit Kvernbit slit fortsatt med å skapa gode resultat. Austevoll 2 er noko ustabile men skal normalt sett dra dette greit i land. Tips: 4-1 Flaktveit 2- NBK 2 To toarlag møtes til dyst. Flaktveit 2 har vist framgong resultatmessig og rapportane seier at dei no har fleire spelarar tilgjengelige etter diverse skadar. NBK 2 har ikkje tapt sidan sesonginnleiinga og framstår særs stabile om dagen. Eg trur den trenden fortsetter og at dei vinn. Tips: 2-5
|
| Sist oppdatert fredag 12. juni 2009 13:56 |









Om laget


A-lag neste kamp