| Seseongen tek form. |
|
|
|
| Skrive av Jan-Terje Sætre |
| laurdag 06. februar 2010 13:02 |
|
Samarbeidslaget har lagt bak seg ein dryg månad av tredje år med samarbeid mellom Austrheim og Lindås. Som kjent har treningstilhøva vore rekorddårlege, men no håpar me snøen snart tek hintet og tørkar bort. Under finn du ei oppdatering for båe lag og nokre intevrju med Tor Eivind Karlsen JuniorlagetYngve Kversøy, Hardy Pedersen og Helge Ystebø har kommen godt i gong med førebuingane til sesongen. Det gode oppmøte frå møte som laget hadde i desember har nok ikkje blitt fulgt like godt opp no i januar. I sær har treningane på Lindås vore mangelfullt. Alle som har tenkt å spele for juniorlaget i 2010 må stille på alle treningar dei har sjans til og ikkje berre stille når det er tak over hovudet. Juniorane er i den istuasjonen at ikkje ein frå laget i 2009 går ut. Alle er juniorar eit år til. I tillegge har laget fått ein bra gjeng av 93-modellane opp på laget. Namn som Ole Vab, Sindre Førde, Svein Egil Skauge, var alle med på cup og seriekampar for juniorane i fjor. No håpar me at dei og resten av utfordrarane tek treningsarbeidet seriøst og gjer det vanskeleg for trenarane å ta ut laget når sesongen kjem. Her kan du sjå Tor Eivind Karlsen sin oppsummering av juniorlaget sin sesong i 2009.
Seniorlaget Seniorlaget har hatt fordelen av å kunne trene inne i Nordhordlandshallen ein gong i veka no når andre baner har vore snølagt. Men også her ligg ein noko noko på etterskot når det gjeld fellestreningar. Ein ser no ut til å kunne oppsummer stallen nokolunde, sjølv og det framleis kan skje endringar. Øyvind Neteland forlèt A/L då han flytta til Oslo. Av andre frå 2009-laget er det berre Endre Brandtun som har signalisert at han ikkje blir med vidare. Andrè Fivelsdal som nok ein gong var å sjå på A/L treningar i desember og januar, tok nyleg avgjersla om at det også i 2009 vert spel på den grøne øyna for han. Daniel Waage som vurderte andre alternativ landa ned på rett side og vert med dei nyopprykka blåtrøyene. Ein gamal kjenning, Hans Martin Martinussen er ein anna av tilvekstane for A/L. I tillegg skal A/L forhåpentlegvis få nytte Stian Nesse som debuterte på tampen av 2009 sesongen gjennom heile årets sesong. Håvard Vagstad som var innom laget i 2008 har også meld seg på og vil truleg kjempe om ein plass på laget. Ein heilt ny tilvekst er Sondre Aaberge Sande. Forsvarsspelaren er ein tidlegare "elev" frå juniorlaget som Tor Eivind Karlsen trena i Førde. I tillegg til desse nye tilskota, samt den garva gjengen, stiller det seg stor forventningar til dei yngre kreftene som er i ferd med å ta steget inn på laget. Her kan det nemnast namn som Gunnar Korsfur(92), Marius Fredriksen(91),Sindre Hodne Manger(91), Frank Martin Lilledal(94), Øyvind Bjerkestrand(91). Vidare har ein namn som Martin Ystebø(92) og Heine Pedersen(91) som fort kan ta store skritt denne sesongen, og såleis melde seg på også på seniornivå. Her kan du sjå Tor Eivind Karlsen bli intervjua om 2. Ambisjonsnivå i Austrheim/Lindås - senior Legg merke til linselus Anders Moen!
|
| Sist oppdatert laurdag 06. februar 2010 14:05 |









Om laget


A-lag neste kamp