| Om samarbeidslaget |
|
|
|
| Skrive av Administrator |
| onsdag 15. april 2009 19:10 |
|
Bakgrunn løpet av 2007 sesongen vart det etter kvart klart for AIL at å drive eit eige A-lag særleg lenger enn nokre sesongar til i framtida kom til å bli vanskeleg. Dei fleste av spelarane på laget var spelarar med fotballframtida bak seg. I tillegg hadde ein problemet med rekruttering til laget. At mange spelarar fell av når dei kjem opp på ungdomsfotballen er ikkje så unaturleg, men med eit juniortilbod kunne kanskje sjansane for å få fleire unge spelarar til å stå lenger i fotballen vere større. Austrheim IL ved fotballgruppa tok, etter ein intern runde, så kontakt med Lindås IL sitt fotballstyre. Då den formelle kontakten vart gjort like før ferietid i 2007 tok det diverre litt tid å komme i gong med samtalar. Håpet var at ein kunne komme med ei avklaring til spelarane på båe lag om det vart noko av eit samarbeid før sesongen var ferdig. Frå AIL var det Jan-Terje Sætre og Terje Utkilen som i byrjinga førte dialogen med LIL sin representantar. Frå LIL var det Atle Waage og Andres Hauge som var involvert. Etter kvart som samtalen vart fleire vart det til at Waage og Sætre i stor grad dreiv dette arbeidet vidare. Presentasjon til spelarane Den 4. November var det kalla inn til spelarmøte i Nordhordlandshallen. Opplegget vart presentert til dei aktuelle spelarane som så fekk ei veke fram til 11. November til å tenke på før dei måte gje eit svar. Eit problem var sjølvsagt at både aktuelle spelarar og trenarar sat litt på gjerde, spelarane vill sjølvsagt vite kven som skulle trene dei to laga, og trenarane ville gjerne vite kva spelargruppe dei kunne vente seg. Etter den 11. November vart det klart at nok spelarar hadde sagt seg interessert i å spele på eit slikt samarbeidslag og ein kunne dermed stadfeste overfor klubbane, spelarane og lokalpressa at det historiske samarbeidet ville bli eit faktum i 2008 sesongen. Vidare vart det klart at LIL trenaren i 2007, Terje Nesse tok på seg trenaransvaret for A-laget, Atle Waage som oppmann. Juniortrenarar vart Hardy Pedersen, med Øystein Nordtveit som assistent, og Helge Fjellanger og Helge Ystebø som oppmenn. Namnval og draktfarge Både spelarar og ikkje minst dei to lokalavisene var svært interessert i kva namnet på laget ville bli og kva som vart draktfarge. Arbeidsgruppa som jobba med å sjå på interessa før eit samarbeid var tidleg einige om at ein burde unngå både Austrheim og Lindås namnet samt fargane raudt og gult. Fargen vart vedteke til å bli lyseblå trøyer, med kvit shorts og strømper. Det kom ein del motargument på dette valet frå vaskekyndige personar, men avgjersla var teken og stod. Når det gjaldt namnet vart det verre å gjennomføre det ein hadde blitt einige om. I følgje NFF sitt reglement skal eit samanslått lag sit namn vere representert med namnet på dei laga som utgjer samanslåinga. Dermed vart namnet Austrheim/Lindås. Det vart aldri strid om rekkefølgja, då LIL sine representantar sjølv foreslo at grunna alfabetisk logikk så burde Austrheim stå først. Oppretting av ny klubb? Ut i frå ein del samtalar med Hordaland fotballkrins(HFK) forstod ein at eit slikt samarbeid måtte søkjast om kvart år. Ein fekk og signal om at dersom ein såg for seg eit samarbeid utover to år så burde ein tenkje i retning av å opprette ein eigen klubb ettersom det så langt i HFK ikkje var gjeve løyve til slike samarbeid utover to år. Samarbeidslaget er pr. dd. ikkje å definere som ein eigen klubb, og i ein vedtatt lemping i NFF sit reglement kan det vere ein opning for at slike samarbeid kan gå vidare med årleg søknad til lokal fotballkrins. Denne lempinga gjer at planen om å stifte ein eigen klubb som kunne vere ein samarbeidsklubb for idrettar der AIL og LIL kunne ha utbytte av dette, for tida ikkje vert jobba aktivt med. Styret konstituert Med eit samarbeid etablert kunne ikkje lenger arbeidsgruppa ta seg av alle gjeremåla som kom i kjølevatnet av avgjersla. Etter kvart klarte ein å få stabla ei styre for samarbeidslaget på beina. Sjur Brandtun(AIL) tok på seg leiarvervet, medan dei tre andre medlemmen var Øystein Austrheim(AIL), Erik Nordheim(LIL), Helge Fjellanger(LIL). Fjellanger vart etter kvart erstatta med Bernt Veland(LIL). Dette styret sit også pr. dd. Styret fekk mange gjeremål, blant ana draktkjøp, innkjøp av utstyr, skaffe treningstider, tilsette trenarar og skrive kontraktar, etc. Med mange utlegg gjekk styret i gong med å få inn sponsormidlar, dette arbeidet vart ein kjempesuksess og takket være sponsorane som er representert på nettsida har moderklubbane komen økonomisk godt frå dette samarbeidet. Framtida til samarbeidslaget Når det gjeld framtida på samarbeidet så har ein ikkje tatt stilling til om samarbeidet er permanent eller om det skal vare til klubbane er i ein posisjon der ein kan stille eigne lag. Med situasjonen me ser i dei to klubbane i dag ser det i alle høve ut til å vere ei stund til nokon av dei to klubbane vil kunne stille eit slagkraftig junior- eller seniorlag på beina. Såleis kan ein sei at det truleg vil vere trong for samarbeidslaget Austrheim/Lindås i overskueleg framtid.
Jan-Terje Sætre April 2009 |
| Sist oppdatert tysdag 21. april 2009 20:15 |









Om laget


A-lag neste kamp