| Jr. laget |
|
|
| onsdag 15. april 2009 19:26 |
|
Historikk Ein av hovudgrunnane til at Austrheim- og Lindås idrettslag i 2007 valde å gå i samtalar om eit samarbeid, var at rekrutteringa var manglande. Båe klubbar har sett eit stort fråfall frå gutelagsfotballen og opp mot seniorfotballen. For mange har det blitt ein for stor overgang frå gutefotball og rett opp på seniornivå. Dermed har nok båe klubbar mista mange spelarar som i dag burde ha utgjort ein stamme på seniorlaga. Diverre har det vore for lite folk i eigne reker til å klare å stille eigne juniorlag. I 2001 fann derfor Austrheim IL og Lindås IL ut at ein måtte prøve å samarbeide om eit lag i denne klassen. Det vart med denne sesongen, og i 2002 var ein dermed attende til ”normalsituasjonen” der ingen av klubbane hadde anna tilbod til fotballspelarar i junioralder enn spel på klubbane sitt A-lag. Trenarar for samarbeidslaget Mangeårig trenar i Austrheim IL, Hardy Pedersen hadde hovudansvaret for juniorlaget til Austrheim/Lindås i 2008. Med seg hadde han assistent Øystein Nordtveit. Laget gjorde ein svært god vårsesong der dei tok ferie med ein 2. plass på tabellen. På hausten butta det litt meir og laget fall nokre plassar då tabellen skulle oppsummerast ved sesongslutt. I 2009 er det Tor Eivind Karlsen som har hovudtrenaransvaret for juniorlaget, så vel som A-laget. Med seg har Karlsen den rutinerte Bernt Veland som assistentrenar. |
| Sist oppdatert sundag 19. april 2009 17:47 |











A-lag neste kamp