Hjem
Dana Cup over for juniorane Skriv ut E-post
måndag 06. juli 2009 20:59

Juniorlaget har komen fram til Danmark etter ei reise med oppturar og nedturar. På nettsida vil me oppdatere lesarane våre på resultata og opphaldet generelt, klikk på "les meir" under for å oppdater deg. For link til direkte oppdatering på cupen sine sider klikk her.

Måndag 06.07.09

Det var ein sliten gjeng som kom fram til klasserommet som vert heimen dei neste dagane. I sær har gutelagsspelarane utmerka seg i pluss og minus. Lynraske Sondre Sulen har vore kjapp med å ta avskjed med kapitalen sin. Etter rapporten frå trenar Karlsen har Sulen mista penger og lommebok, medan klassekamerat Sindre Førde saman med bror Are Førde har gjort det stort på "Slotmaskinene" og totalt dradd inn drygt 1300 kroner. 

Ole Vabø har markerte seg ved at han leikande lett har knekt den danske tallkoden. Ikkje berre omset han dansk reknemåte til norske forståelege tal, han viser etter rapportane finfin forståing av det danske språket generelt. Etter litt etteforsking har det komen for ein dag at Vabø skal ha ei mor frå Danmark, noko som forklarer saka. Vabø har med sin språkkunnskap fått ein viktig posisjon i gruppa. 

I morgon skal laget spelet to kampar, me ventar rapportar frå utfallet i desse.

Tysdag 07.07.09

1. Fredrikshavn FI - A/L 1-0

Det enda med tap i første kamp for juniorlaget. Motstandar var danske Fredrikshavn og det var etter rapportane ein jamn kamp. Der både Are Førde og Gunnar Korsfur har gode høve til å putte. Det enda likevel med eit 1-0 tap for gutane våre.

2. A/L - Hagahøjdens SK 1-0

Mål; Are Førde

Austrheim/Lindås drog i land sin første siger på framand jord då svenskane fekk seg ein på nebbet hos "fjellabene" frå nord. Are Førde stod for målet til A/L etter eit innlegg frå Marius Fredriksen. Tor Eivind Karlsen rapporterer at sigeren var fortent etter spel og sjansar.

Onsdag 08.07.09

3. A/L - Karanba 0-2

Brassane vann sin tredje strake kamp så langt i puljespelet og imponerte trenar Karslen i denne kampen. Karanba er med denne sigeren allereie klar for A-sluttspelet og står med sterke 7-1 i målskilnad før siste kamp.

4. Vake-Wit 1 - A/L 1-2

Mål; Sindre Førde, Gunnar Korsfur(Str)

Dette vart ein thriller av ein kamp mot det ungarske laget. A/L måtte vinne for å vere aktuelle for A-sluttspelet. Det starta med eit mål av Sindre Førde då han heada ein corner frå gutespelarkollega Kristoffer Hermandsen i mål via keeperen og tverrliggjar. Ungararane utlikna før Jonas Buene gjekk overende i straffefeltet i Vake Wit to minutt før full tid. Dommaren dømte først utspel frå keeper men konfererte så med sin assistent på linja og peika deretter på straffemerket. Frå ellvemeteren viste Gunnar Korsfur seg iskald og banka inn sigersmålet til ville jubelscenar frå Austrheim/Lindås-laget.

A/L går nervepirrande timar i møte før pulja vert avgjort med to kampar kl 18:30 i kveld. Dersom dei to kampane går A/L sin veg vert det andre plass og A-sluttspel. A/L er i alle høve sikra eit B-sluttspel.

Då dei to siste kampane var spela i pulja var det klart at resultata ikkje fall heldig ut for Austrheim/Lindås. Laget må dermed ta til takke med ein plass i B-sluttspelet. 

Torsdag 09.07.09

5. Vake-Wit 2 - A/L 4-0

Austrheim/Lindås møtte i denne kampen eit lag med same namn som dei gjorde i puljespelet. Dette var neppe 2. laget til Ungararane. Trenar Karlsen rapporterte om mange slitne bein, og dermed var cup-exiten eit faktum for juniorane våre.

Sist oppdatert onsdag 16. september 2009 09:25
 
A-lag neste kamp
Austrheim/Lindås
-
Rosendal
A-lag tabell
Loddefjord
11
28
Valestrand Hjellvik
11
27
Djerv
11
22
Radøy/ Manger
11
22
Ny-Krohnborg
11
20
Norges Handelsh
12
18
Laksevåg
11
17
Sandviken
11
16
Rosendal
11
8
Fusa Fotball
11
7
Voss 2
11
4
Austrheim/ Lindås
12
2
Jr. lag neste kamp
Austrheim/Lindås
-
Nordre Holsnøy IL
Jr. lag tabell
Askøy
8
22
Sandviken
8
21
Austrheim/ Lindås
8
14
Eikanger
7
12
Nordre Holsnøy IL
8
12
Lyngbø SK 2
7
7
Djerv, SK G19
8
5
Fyllingen 2
8
4
Fana 3
8
4
Valestrand Hjellvik
0
0
Austrheim / Lindås Idrettslag, Adresse 1, 5943 Austrheim
post@a-lag.com