| Tor`s tippetips for runde åtte |
|
|
| tysdag 26. mai 2009 21:39 |
|
Nok ein gong klarte Tor Eivind Karlsen å plukke ut tre riktige sigerherrar i dei 6 oppgjera i runde sju. Her kjem tips for runde åtte. Runde 8: Gneist 2 - Trane Bror Karlsen rauk menisken i forrige kamp mot Nordnes som Gneist 2 vann komfortabelt 3-1. Trane spelte halvannan omgang med 10 mann i toppkampen mot Fusa fotball og gjekk dermed på tap med same siffre. Eg trur Gneist 2 overraskar mot Trane ikkje minst pga fredagskamp og dårleg ver i vente. Dermed vel ringrevane å droppa fiske- og fjelltur og stiller eit godt lag. Tips: 2-1 Nordhordland 2 - Kvernbit NBK 2 er kort og greit fleire klassar betre enn Kvernbit og vinn komfortabelt. Det kan verta mange mål om dei får ein tidleg skåring. Sjølv om dette er eit lokaloppgjer vert det kort prosess. Tips: 5-0 Flaktveit 2 - Strandebarm Rundens desiderte botnoppgjer. Desse to laga har tilsaman klart å henta eit heilt poeng. Båe lag er tannlause i angrep men eg held Strandebarm som eit noko betre lag og trur dei klarar å få Flatveit 2 gutta sure og grinete tidleg i kampen. Tips: 1-2 Austevoll 2 - Eidsvåg Ope oppgjer som kan gå begge vegar. Trur på ei målrik affære som Eidsvåg tilslutt vinn 4-3. Dei vinn på større vilje fordi dei ikje vil reisa heim ein fredagskveld utan 3 poeng i kofferten. Tips: 3-4 Fusa fotball - Austrheim/Lindås Fusa tok ein sterk bortesiger mot Trane sist mens A/L gjekk på ein stjernesmell mot Floppen. A/L slit med skadeproblem og det er per dags dato høgst usikkert kven ein har tilgjengelige til toppkampen denne runden. Fusa har vore utilærmelige heime i Eikelandsosen og rir på ei medgangbølgje. A/L vil vera revansjesugne og dette er kampar som får dei aldrande ringrevane til å henta fram det lille ekstra. Eg trur speakeren til Fusa lyt leggja DVD-kassetten med RAI RAI heima i spelaren fordi Fusa ikkje vil skåra eit einaste mål. Eagleskonserten dei har tenkt seg på vert dermed som gravøl og rekna. Tips: 0-1 målskårar vert Terje Alvik. Floppen - Kjøkkelvik Q-point Halvorsen var ute mot topplaget A/L sist men Floppen vann likevel svært komfortabelt heile 4-0. Floppen er ustabile men får dei kampen inn i sitt spor kan dei være farlege. Kjøkkelvik er byrja å koma litt meir i siget. Trur Floppen vinn. Tips: 3-2 |
| Sist oppdatert tysdag 26. mai 2009 21:55 |











A-lag neste kamp