| Tor`s tips for runde sju |
|
|
| onsdag 26. mai 2010 13:36 |
|
Karlsen sitt tips om grei skuring for Laksevåg mot A/L slo på ingen måte til, sjølv om det riktignok vart tap. Denne helag er det botnoppgjer melleom A/L og Fusa. Les tipsa under. Fredag 28.05 A/L-Fusa fotball: Rundens desiderte botnoppgjer. To lag som har fått det tøft i innleiinga i fjerde divisjon. Det er og dei to laga som har sleppt inn flest mål og om nokre av laga skal ha fohåpningar om å kunna få kontakt med laga framfor seg må denne kampen vinnast. I tilsvarande oppgjer i fjor vann A/L komfortabelt med hockeyresultatet 7-3. Eg trur på heimesiger men det kan igjen verta mange mål begge vegar. 4-2
Rosendal-NHH Rosendal slit fortsatt medan NHH er ustabile som få. Håplaust å verta klok på studentane som ein gong var blåruss. NHH skal på papiret vera eit klart sterkare lag men så er det å få det ut mot hardkjempande rosendøler. Det kan komma ein skrell her men eg trur NHH dreg det greit i land. 1-3
Loddefjord-Radøy/Manger Dette er rundens storoppgjer. Spissparet til heimelaget har bøtta inn 17 mål så langt og er særs farlege når rommet bak forsvaret vert stort nok. Overbevisande siger sist mot Ny-Krohnborg. R/M har synt seg frå ei litt overraskande god side så langt og er nok gira på også å tukta Loddefjord. Det kan tyda på at dei har fått vesentlig betre struktur defensivt enn det dei har hatt dei seinare åra. Dette vert jamnt… 2-2
Lørdag 29.05 Sandviken-Ny-Krohnborg Sandviken står no med to strake sigrar medan Ny-Krohnborg tapte stygt sist mot Loddefjord. Ein viktig kamp for båe lag då dei begge kan måtte kjempa mot å unngå sjuandeplassen etterkvart. Eg trur mest på ein jamn batalje men anser likevel Ny-Krohnborg som eit noko starkare lag. 1-2
Valestrand/Hjellvik-Laksevåg V/H fortsetter marsjen mot 3.divisjon. Dei framstår som eit knallsterkt kollektiv utan nokre store svake sider. Laksevåg har overraska på ein positiv måte i fleire av kampane men møte sine overmenn her. Trygg og grei heimesiger. 4-0
Sundag 30.05 Djerv-Voss2 To lag i kvar sin ende av tabellen. Djerv er på ein litt nedadgåande kurve medan Voss 2 framleis ventar på sin fyrste trepoengar. Den kjem ikkje på sundag heller og dette tar Djerv seg greit av. 4-0
|
| Sist oppdatert onsdag 26. mai 2010 13:40 |











A-lag neste kamp