Hjem
Årets fyrste kamp unnagjort Skriv ut E-post
onsdag 20. januar 2010 14:16
Årets fyrste test mot eit anna lag vart unnagjort med måndagens økt inne i Nordhordlandshallen, då Ny-Krohnborg vitja Nordhordland. Kamp på lita bane vert ikkje ført inn som treningskamp, men under kan du lese ei oppsummering frå Tor Eivind Karlsen.

A/L- Ny-Krohnborg 0-3 (0-1, 0-1, 0-1)

A/L: Ørjan Bongom, Øyvind Bjerkestrand, Stian Kvalvik Nesse, Andre Sætre Solheim, Gunnar Korsfur, Kjartan Ervik, Andre Fivelsdal Semmingsen, Anders Langøy, Sindre Hodne Manger, Terje Håland, Håvard Vagstad, Frank Martin Lilledal, Geir Hamre, Hans Martin Martinussen, Kjetil Bjørsvik, Kjetil Haugland, Jan Tore Kolås og Marius Fredriksen.

Årets fyrste treningskamp gjekk mot divisjonskollega Ny-Krohnborg. Med 8 spelarar på bana og med små mål vert ikkje utbyttet optimalt med tanke på organisering og kamprelaterte situasjonar. På førehand vart me einige med Ny-Krohnborg om å spela 3x25 min med ei lita pause mellom slaga. Ny-Krohnborg vert i år som i fjor leia av ringreven Jostein Aga, i år har han og fått med seg tvillingbror Henning på å dela treningsansvaret. Aga kunne fortelja om eit lag som har klare målsetjingar om å kunne klatra i divisjonssystemet.

Me møtte eit godt lag med gode tekniske spelarar utan at me vart utspelt på nokon måte. Me kunna mønstra 18 spelarar til kampen og i tillegg har me sultne folk som er lysten på å kunne visa seg fram som ikkje var med.

Me fokuserte på moment som disiplin defensivt samt å kunne gå hurtig i angrep når sjansen baud seg. Det fyrste vart gjennomført på ein brukbar måte, det siste var nesten ikkje mogleg å få auga på. Spelar for spelar ligg me ikkje langt etter og me litt drilling av rollar på ei større flate med tid og stunder ser dette lovande ut. Om alle heldt seg skadefrie og er sugne på å kunne trena nok er me ein god gjeng som skal skapa hovudbry for Karlsen med å plukka ut ellevaren til fyrste kamp. Forhåpentligvis vil konkuransen vera så jamn blant så mange at moment som dagsform, treningsframmøte, motstandar og underlag vil ha stor betydning for kven som spelar til einkvar tid.

Sist oppdatert onsdag 20. januar 2010 14:20
 
A-lag neste kamp
Austrheim/Lindås
-
Kjøkkelvik
A-lag tabell
Austrheim/ Lindås
22
53
Fusa Fotball
22
51
Austevoll 2
22
49
Nordhordland 2
22
41
Kjøkkelvik
22
40
Trane
22
34
Eidsvåg
22
31
Floppen
22
25
Nordnes
22
20
Gneist 2
22
20
Kvernbit
22
19
Strandebarm
22
3
Flaktveit 2
0
0
Jr. lag neste kamp
Radøy/Manger
-
Austrheim/Lindås
Jr. lag tabell
Åsane Fotball Gutter 2
9
24
Austrheim/ Lindås
9
18
Radøy/ Manger
9
16
Ny-Krohnborg
9
13
Osterøy
9
13
Kvernbit
9
11
Nordre Holsnøy IL
9
11
Tertnes 2
9
10
Valestrand Hjellvik
9
7
Nordhordland 2
9
6
Austrheim / Lindås Idrettslag, Adresse 1, 5943 Austrheim
post@a-lag.com