Hjem
Godt nyttår til alle lyseblå Skriv ut E-post
fredag 01. januar 2010 02:41

Redaksjonen vil med dette få ynskje alle som er involvert i samarbeidslaget eit hjarteleg godt nytt år. Neste sesong byr på mange utfordringar for båe lag og me håpar på like god oppslutting rundt samarbeidet som dei to første åra.

Eit lang og til dels tungt arbeid med å få på plass trenarteam for dei to laga nærmar seg no slutten. På seniorlaget står det framleis att å få på plass ein assistenttrenar og ein del oppmannsoppgåver rundt laget.

På juniorlagetfekk me i siste time på plass ei særs god løysing med å få inn Yngve Kversøy som hovudtrenar, også her står det att litt småplukk når det gjeld trenarmannskap og oppmannsarbeid, men dette har styret god tru på at skal gå i orden i løpet av kort tid.

For seinorane vert oppstart for sesongen 2010 måndag 4. januar i Nordhordlandshallen. I skrivande stund er det endå ikkje klar oppstartsdato for juniorane. Det kalde veret med snø og vanskeleg banetilhøve gjer at treningar på Seim, Lindås og Kaland grus, truleg må usetjast noko. Men med treningstid både i Nh. hallen og Austrheimhallen skal det vere høve for å komme i gang med treningar for båe lag. I tillegg reknar me med at folk kjem i gang med løpetreing på eiga hand.

Som nemd på møte og her på sida tidligare må spelarar rekne med noko dugnadsarbeid i løpet av sesongen. Allereie sundag 3. januar er det varetelling på Lindås som står på menyen. Her er det viktig at folk tek ansvar og melder seg på til Bernt Veland. Desse dugnadane sikrar drift av samarbeidslaga samt at me fører reknskap på tal timar kvar enkelt yter. Dette vil i sin tur betalast attende til kvar enkelt i form av mindre eigenandel på cup/treningsleir eller utbetalingar til innkjøp av utstyr. Me har nok vore bortskjemt dei to første åra av samarbeidet mellom Austrheim- og Lindås IL, men håpar at alle no ser positivt på å yte nokre timar dugnad til laga våre.

Med samarbeidslaget ynskjer me å bygge eit varig og godt samarbeid mellom våre to moderklubbar. For å få det til er me avhengig av at nøkkelpersonar i båe klubbar tek ansvar både på styre- og utøvarnivå. Dei to første åra har i stor grad vore ein suksess, ikkje minst med A-laget sitt opprykk i 2009. No ventar nye utfordringar med å sikre rekruttering når etterkvart gamle travarar takkar av, og ikkje minst med å halde oppe treningsiver og kvalitet på trenar og utøvarsida. 

Med ynskje om nye gode år for samarbeidslaget ynskjer me alle vel møtt til nok ein sesong i den lyseblå drakta. Forza Austrheim/Lindås!!

Sist oppdatert fredag 01. januar 2010 03:21
 
A-lag neste kamp
Austrheim/Lindås
-
Rosendal
A-lag tabell
Loddefjord
11
28
Valestrand Hjellvik
11
27
Djerv
11
22
Radøy/ Manger
11
22
Ny-Krohnborg
11
20
Norges Handelsh
12
18
Laksevåg
11
17
Sandviken
11
16
Rosendal
11
8
Fusa Fotball
11
7
Voss 2
11
4
Austrheim/ Lindås
12
2
Jr. lag neste kamp
Austrheim/Lindås
-
Nordre Holsnøy IL
Jr. lag tabell
Askøy
8
22
Sandviken
8
21
Austrheim/ Lindås
8
14
Eikanger
7
12
Nordre Holsnøy IL
8
12
Lyngbø SK 2
7
7
Djerv, SK G19
8
5
Fyllingen 2
8
4
Fana 3
8
4
Valestrand Hjellvik
0
0
Austrheim / Lindås Idrettslag, Adresse 1, 5943 Austrheim
post@a-lag.com