| A-laget |
|
|
| onsdag 15. april 2009 19:25 |
|
Historikk Austrheim har dei siste 10 åra halde til i 5. divisjon. Laget hadde sin beste plassering i seriesystemet i 1996, men mista mange spelarar inn mot 1997 sesongen. Dermed enda 1997 med eit klart nedrykk til 4. Divisjon. Laget tok nok eit skritt ned i seriesystem lik etter, og har sidan vore å finne i 5. Divisjon. Ved tre høve har Austrheim sitt A-lag tatt 3. plassen i sin avdeling og dermed vore nær ved å ta ein av dei to øvste plassane som kvalifiserer til opprykk. Lindås sitt A-lag har også tilbrakt mykje tid i 5. divisjon, men tidleg på 2000-talet hadde laget nokre gode sesongar. I 2002 rykka laget opp til 4. Divisjon, forøvrig i pulje med Austrheim som kjempa for å unngå nedrykk. Med opprykket i 2002 hadde laget kommen i ein god stim og snuste litt på eit nytt opprykk, denne gong til tredje divisjon i 2003. Med nokre år med oppturar kom nedturen med nedrykk til 5. Divisjon i 2004 og nedrykk til 6. Divisjon i 2005. Laget låg så to sesongar i 6. Divisjon før samanslåinga med Austrheim førte til at samarbeidslaget overtok AIL sin plass i 5. Divisjon Samansetting dei siste åra Som det har vore dei siste åra, så er det også i 2009 ein stor aldresspreiing på seniorlaget. Ein del unge er fast inventar på dette laget, medan stamma av laget nok er spelarar i 30 åra. Båe klubbar har slitt med å halde på spelarar som i dag skulle vore mellom dei to aldersgruppene, dette er nok hovudgrunnen til at ein no har sett trongen for å saman stille junior- og seniorlag Trenarar for samarbeidslaget Første sesong med samarbeidt mellom Austrheim og Lindås var det Terje Nesse som trena samarbeidslaget sitt A-lag. Nesse trena også Lindås sitt lag i 6. Divisjon i 2007, og har i tillegg ei trenarfortid i Austrheim der han trena laget i 1988. Trenar for Austrheim/Lindås sitt seniorlag i 2009 varTor Eivind Karlsen. Karlsen har spela eit par hundre kampar for Austrheim og trena laget så tidleg som i 1997, og igjen i 2006. Karlsen delte i 2009 trenaransvaret på seniorlaget med assistent Endre Brandtun som også har ei fortid som spelar i Austrheim. Etter ein bra vårsesong var samarbeidslaget med i kampen om dei to opprykksplassane. I haustsesongen var A/L overlegen og spela ein uavgjort og vann resten. Dette enda med avdelingssiger og opprykk til 4. divisjon. I kampen om krinsmeisterskapen møtte A/L Solid frå den andre avdelinga. I ein kamp der A/L måtte unnvære tre-fire av ei faste spelarane, tapte ein med minst mogleg margin då det var 1-0 borte mot Solid. Tor Eivind Karlsen har forplikta seg til å trene seniorlaget til A/L i 2010 og 2011 sesongen.
|
| Sist oppdatert fredag 02. april 2010 12:30 |











A-lag neste kamp