Hjem A-lag Kampar 2010 tysdag 15. juni 2010 12:00
tilbake til årsoversikt for 2010...

Austrheim/Lindås — Nordre Holsnøy

tysdag 15. juni 2010 12:00, Lindås Idrettspark
Kampfakta
Resultat: 8-2 (3-1) Dommar: Arne Bartholdsen
Mål
14: Frank Martin Lilledal (1-1)
23: Martin Ystebø (2-1)
37: Are Førde (3-1)
49: Are Førde (4-1)
56: Bjørn Harald Nævdal (5-1)
62: Bjørn Harald Nævdal (6-1)
69: Fredrik Thorgersen (7-1)
90: Are Førde (8-2)
Kort
79: Sindre Manger card
Innbytte
66: Fredrik Thorgersen Bjørn Harald Nævdal
74: Espen Johannessen Jonas Buene
81: Ole Fredrik Fanebust Martin Ystebø
85: Jonas Buene Frank Martin Lilledal
4-5-1
Lagoppstilling
 ◊   ◊   ◊   ◊   ◊   ◊   ◊   ◊   ◊   ◊ 
av Jonas Buene

4-5-1

Publikum som møtte til vårens siste juniorkamp hadde ingen grunn til å angre på oppmøtet, sjølv om bortelaget tok ei tidleg leiing etter eit slapt langskot. Baklengsmålet tok på ingen måte lufta ut av Austrheim/Lindås, som straks vart synleg tente på å kjempe seg godt inn i kampen. Ballen var stort heimelaget sin eigedom resten av kampen. Utlikninga skulle kome ganske kjapt ved Frank Martin Lilledal, som tråkla seg gjennom i midten og plassera ballen i det lengste hjørnet. Martin Ystebø skulle få ære av å sende heimelaget i leiinga, då han med ei relativt dårlig avslutning fekk ballen i mål, via ein fomlande målvakt. Leiinga skulle også doblast då Are Førde la på til 3-1 med tidenes svakaste heading. 3-1 var også pauseresultatet.

 

I andre omgang gjekk heimelaget ut med ein klar intensjon om å auke leiinga, og publikum vart vitne til ei ordentleg overkjøring. Først auka Are Førde til 4-1, før Bjørn Harald Nævdal laga dei to neste scoringane, det eine på pasning frå Are Førde, og det andre etter eit mønsterangrep i regi av Jonas Buene og Frank Martin Lilledal. Innbyttar Fredrik Thorgersen fekk også notert seg for ei scoring, då han tok ballen ned på fire-fem meter, og banka ballen via målvakt og opp i hjørnet. Bortelaget skulle få eit trøstemål då eit frispark frå drygt 25 meter havna i nota bak Øyvind Bjerkestrand. Are Førde skulle avslutte scoringsshowet då bortelaget sin stoppar og målvakt ikkje vart einige om kven som skulle ta ballen. Are Førde tok rolla som egoistisk meklar, og trilla ballen i det opne målet.

 

Dette var også siste gong heimepublikumet fekk sjå trioen Are Førde, Jonas Buene og Øyvind Bjerkestrand i kamp for juniorlaget. Are Førde, som skal i militæret til hausten, markerte seg med eit hat-trick i tirsdagens kamp. Jonas Buene, som skal gå folkehøgskole i Oslo, overbeviste med fotballkunst Lindås-matta sjeldan ser maken til, medan Øyvind Bjerkestrand i grunn stod ein god kamp i mål, men har vald å konsentrere seg om å kritisere kampballen, av den velkjende sorten Jabulani.

A-lag neste kamp
Austrheim/Lindås
-
Laksevåg
A-lag tabell
Loddefjord
16
41
Valestrand Hjellvik
16
39
Djerv
16
31
Laksevåg
16
28
Radøy/ Manger
16
28
Ny-Krohnborg
16
26
Norges Handelsh
16
25
Sandviken
16
22
Voss 2
16
11
Fusa Fotball
16
11
Rosendal
16
8
Austrheim/ Lindås
16
5
Jr. lag neste kamp
Austrheim/Lindås
-
Nordre Holsnøy IL
Jr. lag tabell
Askøy
8
22
Sandviken
8
21
Austrheim/ Lindås
8
14
Eikanger
8
12
Nordre Holsnøy IL
8
12
Lyngbø SK 2
8
10
Djerv, SK G19
8
5
Fyllingen 2
8
4
Fana 3
8
4
Valestrand Hjellvik
0
0
Austrheim / Lindås Idrettslag, Adresse 1, 5943 Austrheim
post@a-lag.com