Hjem A-lag Kampar 2010 fredag 28. mai 2010 18:00
tilbake til årsoversikt for 2010...

Austrheim/Lindås — Fusa Fotball

fredag 28. mai 2010 18:00, Lindås idrettspark
Kampfakta
Resultat: 0-2 (0-0) Dommar: Espen Stokke
Mål
Kort
81: Stian Nesse card
84: Endre Brandtun card
90: Terje Håland card
Innbytte
68: Jan-Terje Sætre Geir Hamre
80: Stian Vik Birkestrand Anders Langøy
84: Andrè Sætre Solheim Frank Martin Lilledal
86: Sindre Manger Endre Brandtun
86: Marius Fredriksen Stian Nesse
4-4-2
Lagoppstilling
 ◊   ◊   ◊   ◊   ◊   ◊   ◊   ◊   ◊   ◊ 
av Stian Vik Birkestrand

4-4-2

Sesongens tredje heimekamp blei spelt på Lindås gras. Solskinet var nok ein gong på plass og i tillegg hadde dugeleg med publikum møtt opp både på busstoppet og rundt bana. Bana var ikkje i sin beste forfatning og noko høgt gras i tillegg til relativt store humpar gjorde sitt til at det ikkje var dekka for festfotball på Lindås denne maikvelden. I garderoben var det fokus på å vere endå meir direkte, unngå personlige feil og ha stor innsats. Laget var uforandra frå Laksevågkampen og det var ein motivert gjeng som gjorde seg klar til botnoppgjer mot fjorårets opprykkskollega Fusa Fotball. Fusa mangla sin kaptein Frode Koldal som var suspendert, i tillegg var Esben Borgen Nordtveit og Vidar Vestbø vekkreist for å spele på den noko jamnare bana Old Trafford. USA-proffen og tidlegare Os og Stord/Moster-spelar Tony Skarvatun var henta inn som forsterkning.

Sia nokre Fusaspelare ikkje fant vegen til metropolen Lindås vart kampen 15minutter forsinka. Då kampen endelig kom i gang var det Fusa som starta best. Allereie etter 3 minutt får dei ein avslutning i stolpen og ut. Trenar Tor-Eivind Karlsen spådde før kampen at det kom til å bli mykje kjemping og duellar og det fekk han heilt rett i.  Det er kriging over heile bana og ingen av laga får noko overtak. Fusa sin midlertidige trenar Arild Heggland er ivrig i snakketøyet på sidelinja og blir vel engasjert då han to gangar på kort tid sparkar treskoa i reklameskilta.

Etter 18min kjem A/L til ein stor sjanse då Anders Langøy blir spelt gjennom litt til venstre for Fusamålet. Framfor mål ventar Karl Ludvig Daae mutters aleine men pasningen blir litt for svak og klarert til hjørnespark. Det påfølgande hjørnesparket får Fusa sin keeper så vidt slått vekk frå målgården. A/L held oppe presset og får nok eit hjørnespark. Dette ender i ein endå større sjanse men Fusa sin keeper er også denne gongen på rett plass. Etter 23min får Anders Langøy ballen med seg mellom midtstopparane til Fusa men diverre for A/L blir han takla rett før avslutninga kjem.

Etter dette er det Fusa sin tur til å angripe og i det 26. min rope den glisne Fusabenken på straffe. Fusa sin venstrekant kjemper om ballen med Endre Brandtun. Duellen byrjar et par meter utenfor hjørnet av 16-meteren og fortsett inn i 16-meteren. Brandtun held litt og bruke kroppen for å stanse den kvikke venstrekanten som går over ende rundt 5-meteren. Dommaren bles men vel å trekke forseelsen utanfor og dermed berre frispark. Litt uvisst om dommaren her bles på holdinga eller taklinga men A/L er noko heldig i denne situasjonen.

Få minutt seinere kjem Fusa sin spiss aleine gjennom mot keeper Ørjan Bongom. Spissen får tuppa ballen forbi Bongom før han i eit forsøk på å nå ballen fell over ende. Fusa kjem med noko spede tilrop på straffe men dommaren vel heilt korrekt å blese for utspel frå mål. Det kjem heller ingen protester frå Fusa sin spiss. I det 33. Min viser Bongom seg fram frå si beste side då han vartar opp med ein kjemperedning etter eit godt angrep frå Fusa. A/L skal få omgangens siste sjanse då eit hjørnespark dett ned til Anders Langøy som frå 6-7meter får til bra avslutning. Diverre går den rett på Fusa sin keeper og 0-0 står seg til pause.

Første halvleik var svært jamn og bar preg av vanskelige baneforhold. Sjølv den kortaste innsidepasning får ein svært uforutsigbar ballbane og det blei dermed ein del lange ballar med påfølgjande duellspel. Begge lag har hatt sine sjansar og ein sitt med ein følelse at det er svært viktig å få det første målet.

Fusa går friskt ut i andre halvleik og speler seg tidlig fri på høgresida. Det lave innlegget treff derimot ingen og A/L slepp unna denne gong. Dette var likevel berre eit forvarsel på kva som var i vente. Etter 5 min kjem dagens vakraste angrep. Keeper kastar ut til høgrebacken som noko heldig kranglar med seg ballen i duell med Are Førde. Etter dette er det kjappe pasningar på eit tøtsj langs bakken og dermed er Fusa sin høgrekant nok ein gang i glimrande innleggsposisjon. Denne gongen er det ein Fusaspeler framfor mål som enkelt avsluttar i mål frå 4-5 meter.

Etter dette tar A/L over, dels fordi Fusa legg seg lavt. Are Førde kjem til to halvsjansar og også Kjartan Ervik får avslutta eit innlegg frå Endre Brandtun. Diverre går avslutningane anten utanfor eller rett på keeper. Temperaturen stig og det blir hissigare stemning laga imellom. Fusa drøyar med tida samtidig som A/L ikkje får det til å klaffe offensivt. Trenar Karlsen har lagt om til 3-4-3 og flytta Terje Håland fram i håp om å etablere eit trykk på Fusa. Dette opnar for kontringar imot og etter 36min vartar Bongom opp med to-tre gode redningar etter ein god overgang. Like etter dette kjem det nok ein Fusaovergang. Denne gangen blir ballen spelt ut på A/L si venstreside. Der kjem ein Fusaspeler på løp, lurer av Kjetil Bjørsvik og bankar ballen kontant i mål bak ein sjanselaus Bongom.

Etter dette blir det særs dårlig stemning og både Jan-Terje Sætre og Terje Håland hamnar i klammeri med Fusaspelere. I situasjonen med Terje Håland ender det heile med utvisning på Fusa sin midtbanesjef Tonny Vik. Elles prøver A/L å slå langt men med lite bevegelse rundt ballen og duellen går dei fleste ballane inn til keeper eller ut over sidelinja. A/L evner ikkje å skape nokre store sjansar og det heile ebbar ut i nok eit skuffande tap.

Som forventa blei kampen jamn og med mange dueller. Det har ikkje vore A/L sin styrke denne sesongen å avgjere jamne kamper og nok ein gong er det motstandaren som kan juble. Offensivt var dette eit steg tilbake frå dei to føregåande kampane og det blir for omstendelig med dei lange ballane opp i midten. Fusa skal også få skryt for å gje vekk lite bakrom og Tony Skarvatun gjer ein solid jobb i midtforsvaret. På A/L er det ingen som storspeler men Frank Lilledal visar prov på kva han kan sjølv om bana ikkje gjer han mykje hjelp. I tillegg er Ørjan Bongom sikker som banken bakarst. Neste kamp er no laurdag 5. Juni borte mot 2.plassen Valestrand Hjellvik.

A-lag neste kamp
Austrheim/Lindås
-
Laksevåg
A-lag tabell
Loddefjord
16
41
Valestrand Hjellvik
16
39
Djerv
16
31
Laksevåg
16
28
Radøy/ Manger
16
28
Ny-Krohnborg
16
26
Norges Handelsh
16
25
Sandviken
16
22
Voss 2
16
11
Fusa Fotball
16
11
Rosendal
16
8
Austrheim/ Lindås
16
5
Jr. lag neste kamp
Austrheim/Lindås
-
Nordre Holsnøy IL
Jr. lag tabell
Askøy
8
22
Sandviken
8
21
Austrheim/ Lindås
8
14
Eikanger
8
12
Nordre Holsnøy IL
8
12
Lyngbø SK 2
8
10
Djerv, SK G19
8
5
Fyllingen 2
8
4
Fana 3
8
4
Valestrand Hjellvik
0
0
Austrheim / Lindås Idrettslag, Adresse 1, 5943 Austrheim
post@a-lag.com