Laksevåg — Austrheim/Lindås
måndag 24. mai 2010 17:00, Lyngbø Idrettspark| Kampfakta | |
|---|---|
| Resultat: 5-3 (2-2) | Dommar: Signe Kvalsvik Rydland |
| Mål | ||
|---|---|---|
| 6: | Anders Langøy | (0-1) |
| 25: | Karl Ludvig Daae | (2-2) |
| 69: | Kjartan Ervik | (2-3) |
| Kort |
|---|
| Innbytte | |||
|---|---|---|---|
| 70: | Espen Dahle | ↔ | Anders Langøy |
| 84: | Jan-Terje Sætre | ↔ | Frank Martin Lilledal |
| 84: | Stian Vik Birkestrand | ↔ | Geir Hamre |
| 84: | Andrè Sætre Solheim | ↔ | Kjetil Bjørsvik |
4-4-2 Lagoppstilling |
||
|---|---|---|
| ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ | ||
Laksevåg på bortebane var ikkje nokon enkel match, noko tipsa til Tor Eivind Karlsen bar preg om ettersom han tippa ein enkel 3-0 siger til bortelaget.
Allereie etter 6 minutt rauk tipsa til Karlsen. Are Førde hadde på det tidspunkt rekt å lage livet surt for Laksevåg sin høgreback ved fleire høve. Denne gongen vart Førde spela fri på venstrekanten av Karl Ludvig Daae før han drog seg forbi backen og slo inn til Anders Langøy framføre mål. Langøy fekk tida han trengte for å breiside inn leiing for blåtrøyene.
Det skulle diverre ikkje vare lenge. Etter ti minutt kom utlikninga til Laksevåg då samarbeidslaget sleit med å få avklart eit raid på venstresida. Eit innlegg hamna til slutt framføre mål der Endre Brandtun med nød og neppe fekk tå først på ballen. Klareringa til Brandtun var ikkje den beste og vart fanga opp av ein av Laksevågspelarane som kunne sette inn 1-1 til venstre for Ørjan Bongom.
Medan Bongom var sjanselaus på 1-1 var han ikkje heilt heldig då heimelaget gjekk opp til 2-1. Først vart Frank Lilledal dratt av på 25 meter og ein av Laksevåg sine midtbanespelarar fekk tid til å sikte inn ein fin diagonalpasning til spissen på heimelaget. Heile forsvaret til samarbeidslaget var sein med forflyttingen slik at spissen fekk høve til å ta ned ballen og slenge i veg eit skot frå 7-8 meter og skrått hald. Bongom var på ballen som på merkeleg vis skrudde seg forbi og i mål.
Så etter 25 minutt skjedde det som gav fleire av blåtrøyene tru på at me kunne få med oss noko frå denne kampen. Karl Ludvig Daae slo ein presis ball over forsvaret til Laksevåg, og Anders jogga lett forbi og hadde klar bane mot mål. I straffefeltet vart han hindra såpass at han gjekk på snørra og dommaren blåste for straffe. Med klar skåringsposisjon og straffe gjeve, hadde dagens kvinnelege dommar ikkje ana val enn å slenge eit raudt kort med på kjøpet. Ikkje noko stygt spel, men straffa var grei nok og då føl gjerne det raude kortet med på kjøpet. Straffa sette Karl Ludvig Daae greitt i mål til 2-2. Dette resultatet stod seg til pause.
Etter kvilen skulle samarbeidslaget køyre på vidare for å ta tre viktige poeng. Endre Brandtun fekk sjansen til å føre Austrheim/Lindås opp i leiinga då han kom seg fri på 7-8 meter framføre Laksevåg sitt mål. Diverre hadde ikkje Brandtun tolmod nok i avsluttinga si og han blåste ballen godt over mål. Det gjorde ikkje Kjartan Ervik då han midtvegs i andre omgang fanga opp ein ball midt på Laksevåg si banehalvleik. Ervik avanserte nokre meter før han lada kanonen og frå drygt 20 meter banka han inn ein markkrypar bak Laksevågmålmannen.
Diverre vart heller ikkje denne leiinga så lenge. Knappe 10 minutt seinare fekk Laksevåg utlikna til 3-3. Ein upressa midtbanespelar fekk tid til å løfte ballen inn bak forsvaret til Austrheim/Lindås. På blåtrøyene sin høgre kant mottok ein Laksevågspelar pasninga og fekk avslutta via Ørjan Bongom og i mål. I denne situasjonen må ein stille spørsmål både ved presset før pasninga, det noko halvslappe presset til Espen Dahle som burde markert ut målskåraren, og kanskje også Bongom sitt keeperspel ettersom han kom noko på halvdistanse.
Frank Martin Lilledal viste nok ein gong gode takter når han fekk eit meir forutsigbart underlag å spele på. Lilledal viste ved fleire høve kva han kan med ballen og Laksevågspelarane mått stadig ty til ufine midlar for å stoppe han. Så var også tilfelle då Lilledal drygt ti minutt før full tid gjekk i bakken etter nok ei stygg takling. Lilledal klarte å komme seg kjapt på beina igjen og såg ut til å ha klar bane mot mål i det dommaren blas for frispark til Lilledal.
Om det var den stor skjelven som tok Austrheim/Lindås eller om det var kreftene som tok slutt skal vere usagt, men Laksevåg kjente etter kvart smaken av blod og tok over spelet. Dei tok leiinga i det 80 minutt då Endre Brandtun kåla det til for seg sjølv med å føre ballen opp frå sin høgreback posisjon heilt til han vart takla og fekk brudd på seg. Laksevåg fekk før ball mot eit Austrheim/Lindås-lag i ubalanse og fekk sendt i veg eit skot frå om lag 16 meter som gjekk i mål.
I sluttminutta gjennomførte Tor Eivind Karslen eit trippelbytte der nokre halvskada spelarar slapp friske bein til. Desse bytta fekk ikkje noko særleg innverknad på kampen, og Laksevåg fekk stadig halde på overtaket sitt. Dei klarte også å notere seg for endå eit mål. I Hawaifotballen som oppstod fekk Laksevåg slått ut på sin kantspelar på samarbeidslaget si høgreside. Han driblar av Terje Håland før han tuppar ballen inn bak Ørjan Bongom.
Det enda altså til sist 5-3 til Laksevåg. Eit resultat samarbeidslaget kanskje ikkje kan klage på sett under eitt. Likevel var det mange som hadde kjensla av at ein var nærme eit resultat i dag, men når ingenting går blåtrøyene sin veg no om dagen ser me gjerne den motsette effekten frå haustsesongen 2009 der me stadig vann slike tette oppgjer. Allereie førstkommande fredag er det ny dyst når Fusa kjem på vitjing. Kampen går truleg på Lindås.









A-lag neste kamp