Hjem A-lag Kampar 2010 onsdag 19. mai 2010 17:00
tilbake til årsoversikt for 2010...

Austrheim/Lindås — Sandviken

onsdag 19. mai 2010 17:00, Austrheim stadion
Kampfakta
Resultat: 3-5 (1-2) Dommar: Kristoffer Minde
Mål
17: Karl Ludvig Daae (1-1)
52: Kjartan Ervik (2-2)
63: Geir Hamre (3-4)
Kort
1: Anders Langøy card
13: Karl Ludvig Daae card
51: Jan-Terje Sætre card
Innbytte
45: Are Førde Anders Langøy
62: Espen Dahle Frank Martin Lilledal
66: Stian Vik Birkestrand Kjartan Ervik
76: Andrè Sætre Solheim Terje Håland
76: Sindre Manger Jan-Terje Sætre
4-4-2
Lagoppstilling
 ◊   ◊   ◊   ◊   ◊   ◊   ◊   ◊   ◊   ◊ 
av Stian Vik Birkestrand

4-4-2

Som vanlig når Austrheim/Lindås speler heimekamp var det strålande solskin og glimrande fotballforhold. Bana er blitt noko jevnare og publikumsoppmøte endå betre. Dette var berre den andre heimekampen denne sesongen og etter berre 2 uavgjorte så langt i år var det ein særs viktig kamp for å få heng på ein del lag framanfor som har plukka poeng meir jevnt og trutt. Me får også tilbod om 3 nye kampballer i ein svart søppelpose i garderoben.

Det var to veke sia førre kamp og det har vore litt lite med treningar grunna blant anna 17.mai. Allikevel var optimismen stor før kampen og A/L gjekk ut i sin vante 4-4-2 formasjon. Ingen store overraskingar i lagoppstillinga der Terje Håland var flytta fram på venstrekant for Are Førde mens Frank Lilledal var tilbake på ”sin” høgrekant etter sjukdom. Det var fokus på å slå ballen hurtig i bakrom og utnytte den store grasmatta.

Kampen startar og til tross for iherdig merking av bana av Sindre Hodne Manger rett før kampstart blir Anders Langøy noko lurt av dei forskjellige linjene. Ein ball han trur går ut er likevel innanfor rekkevidde og gjer derfor full gass mot Sandviken sin midtstopper. Idet han skal takle ballen gjer midtstopparen ein brå bevegelse og taklinga kjem hardt og rett bakfrå. Den noko hissige Sandvikentrenaren er i harnisk og vil ha rødt kort. Dette hadde vore meget strengt men Langøy får eit heilt greitt gult kort og la lista tidlig.

Elles ber åpningsminutta preg av at båe lag klagar fælt på kampballane. Desse fekk me tilbod om i garderoben rett før kampstart og takka høfleg ja. I Etterpåklokskapens namn var dette ikkje eit lurt trekk og etter ca. 10 min bytte me, etter litt krangling med dommaren og den allereie oppildna Sandviken-trenaren, til våre vante kampballer. Frank Lilledal kjem tidlig til ein stor sjanse på si høgreside då ein crosser sender han aleine gjennom. Frå skrått hold sett han ballen på keeper.  

Kort tid etter dette tar Sandviken leiinga etter ein dødball. Eit innlegg blir heade vidare til ein Sandvikenspeler på bakarste stolpe som frå kort hold får ein enkel jobb med å få ballen i mål. Det skal seies at målet var av den tvilsamme sorten då det kan sjå ut som endå ein offsideavgjering går feil veg for A/L. Kampen bølgjer ein del fram og tilbake og båe lag speler til tider bra angrepsfotball. Sandviken sine største sjansar kjem når dei slår gode innlegg inn der A/L har trekt for mykje over mot ball og gløymer markeringar bak seg. A/L viser mykje positivt framover og Lilledal får ein halvsjanse som går over.

Utlikninga kjem ved fjorårets toppscorar Karl Ludvig Daae. Eit godt innlegg frå venstre fører til ein retur på ca. 4m som mannen med den udefinerbare dialekten får heada i mål. A/L speler bra offensivt i denne perioden og utlikninga er full fortent. Diverre går det ikkje lang tid før Sandviken igjen skal ta leiinga. Dei gode innlegga er allereie nemnt og det er dette som fører til 1-2. Frå høgrekanten kjem eit skrudd innlegg som er svært vanskelig for keeper Bongom. Han får akkurat ikkje slått ballen over mål som dermed treff tverrliggar og sprett ut. Der står to Sandvikenspelere i kø og får nok ein gang ein enkel jobb med å putte ballen frå kort hold. Uheldig av keeper Bongom og noko slapp markering av forsvaret der som ikkje følgjar løpa. I kampens hete får Karl-Ludvig gult kort for munnbruk, underteikna er noko usikker på når denne situasjonen oppstod eller kva som blei sagt.

Det ebbar ut til pause med 1-2 og trenar Tor-Eivind Karlsen må nok ein gong ta fram sinnastemmen i pausen. Men det har vore ein grei omgang offensivt og det er litt typisk for eit lag som ikkje er i ”dytten” at det er bortelaget som leier. Allikevel er det for dårlig defensivt og Sandviken slepp litt for lett til. Før kampen nemnte Karlsen også at Sandviken er svake på defensiv dødball men så langt har ikkje A/L klart å utnytte dette. Are Førde kjem inn for Anders Langøy i pausen og tar venstrekanten. Dette skyver Terje Håland inn sentralt og Geir Hamre opp på topp.

Andre halvleik startar ganske likt som fyrste og det er spelemessig jamt. Det er dog Sandviken som nok ein gang skal få ballen i mål. Jan-Terje Sætre taklar seint på høgresida og får et hardt idømt gult kort. På den påfølgande dødballen er det nok ein gang dårlig defensivt arbeid av A/L og 1-3. Men dommaren har ikkje blåst for at frisparket kan takast og til tross for at heile Sandviken har tatt oppstilling på egen banehalvdel blir målet annullert. Dommaren stod nemleg med ryggen til spelet og var på vei bort til Sandviken sin trener for å gje han tilsnakk då målet kom. Frisparket blir tatt på nytt og denne gangen er A/L på hugget. Det heile ender i ein nydeleg kontring der Frank Lilledal er regissør, Are Førde produsent og Kjartan Ervik eksekutør. Lilledal får ballen og fører den litt over midten før han slår ballen ut til Førde på venstre som med få tøtsj legg et perfekt innlegg til Ervik på høgre. Han set ballen kontrollert i mål ved stolperota. Frå 1-3 til 2-2 på få minutt og endelig trilla ballen A/L sin vei.

Men igjen blir initiativet gitt vekk til Sandviken. Høgreback Jan-Terje Sætre blir brutt i ein mulig handssituasjon og Sandviken stormer framover. I overtall er dei effektive og ballen ligg kort tid etter i målet bak Bongom. Nesten rett frå avspark vinn Sandviken igjen ballen og angriper langs høgresida. Ballen blir spelt inn mot midten og Endre Brandtun støter opp. Det ser ut som eit frispark til Sandviken i den situasjonen men Sandvikenspelaren får tuppa ballen gjennom i rommet bak Brandtun. Der kjem ein Sandvikenspelar på løp og setter ballen trygt i mål. Dermed var det 2-4 på 4 minuttar og A/L har gjort det vanskeleg for seg sjølv.

Kampen fortsett etter dette som den har gjort med sjansar til begge lag. Etter gode 60 minuttar skaper eit godt A/L-innlegg frå høgre panikk i Sandvikenforsvaret. Dei får aldri klarert og etter klabb og babb får Geir Hamre tuppa ballen i mål og det er nok ein gang kamp. Det blir stadig større rom på Åråsmatta ettersom spelarane blir slitne og A/L er småfarlig på sine visittar. Men når håpet er størst får A/L nok ein smell. Ballen blir igjen mista på vei opp i angrep og idet mange A/L-spelare er på vei framover får Sandviken ballen og dei er som tidligare effektive i overtal. Ballen blir spelt ut på høgrekanten som legger ein lav ball ut på 16 meter. A/L kjem seg ikkje opp i press og ein Sandvikenspelar får kontrollert plassere ballen til venstre for Bongom.

Etter dette legg A/L om til tre bak og dei siste 13 minutta bær preg av Hawaii-fotball og ein del store sjansar til Sandviken som kjem med mange i angrep når dei får moglegskapen. Heldigvis er dei no meir upresise enn dei har vore tidligare. A/L skaper ingen store sjansar og det blir med forsøk og halvsjansar. Det heile ebbar ut i nok eit skuffande tap og det første heimetapet på lange tider for A/L.

A/L blir i denne kampen knallhardt straffa for personlige feil og sløvleik defensivt, i tillegg til ein meget tvilsam offsidesituasjon. Offensivt er det derimot betre enn tidligare i år. No gjeld det å få det til å fungere både offensivt og defensivt samtidig for å starte poengplukkinga. Allereie måndag er det ny sjanse borte mot Laksevåg før det fredag er ny heimekamp mot opprykkskollega Fusa.

NB: Stian Kvalvik Nesse gifta seg med Iselin Vabø laurdag 8.mai. Samarbeidslaget gratulerer!

A-lag neste kamp
Austrheim/Lindås
-
Laksevåg
A-lag tabell
Loddefjord
16
41
Valestrand Hjellvik
16
39
Djerv
16
31
Laksevåg
16
28
Radøy/ Manger
16
28
Ny-Krohnborg
16
26
Norges Handelsh
16
25
Sandviken
16
22
Voss 2
16
11
Fusa Fotball
16
11
Rosendal
16
8
Austrheim/ Lindås
16
5
Jr. lag neste kamp
Austrheim/Lindås
-
Nordre Holsnøy IL
Jr. lag tabell
Askøy
8
22
Sandviken
8
21
Austrheim/ Lindås
8
14
Eikanger
8
12
Nordre Holsnøy IL
8
12
Lyngbø SK 2
8
10
Djerv, SK G19
8
5
Fyllingen 2
8
4
Fana 3
8
4
Valestrand Hjellvik
0
0
Austrheim / Lindås Idrettslag, Adresse 1, 5943 Austrheim
post@a-lag.com