tilbake til årsoversikt for 2010...
Fyllingen 2 — Austrheim/Lindås
tysdag 11. mai 2010 17:00, Varden Framobanen
| Kampfakta |
| Resultat: 1-2 (0-0) |
Dommar: Thomas Gjesdal |
4-5-1 Lagoppstilling |
| ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ |

I det som på forhånd vart spådd å verte ein tøff kamp for Austrheim/Lindås, gjekk det også like før kampstart rykter om at Fyllingen 2 hadde med fire førstelagsspelarar i troppen. Slik kunne det også verke i banespelet i første omgang. Ballen var i Fyllingen-bein det meste av tida, men begge lag hadde om lag like mange sjansar, både små og store. Likevel sto det 0-0 ved pause.
Dessverre kom det ein kalddusj tidleg i andre omgang. Ein Fyllingen-angripar vart spelt åleine mot Øyvind Bjerkestrand, og kunne sende heimelaget i føringa. Utover i den andre omgangen skulle spele bølgje fram og tilbake som i den første halvleiken, men det var ikkje før mot slutten av kampen at ting byrja å skje. Etter kvart kom bortelaget til større og større sjansar, og på eit hjørnespark fekk endeleg Sindre Førde hol på byllen med ei flott heading. Ein av heimelaget sine spelarar vart også utvist berre kort tid etter, då han på få minutt pådrog seg to gule kort. Minuttet før slutt skulle også storebror Førde få ein sjanse. Denne banka Are i mål frå spiss vinkel, og Austrheim/Lindås kunne juble for eit kjemperesultat.