Voss 2 — Austrheim/Lindås
onsdag 05. mai 2010 19:00, Voss kunsgress| Kampfakta | |
|---|---|
| Resultat: 2-2 (1-2) | Dommar: |
| Mål | ||
|---|---|---|
| 4: | Anders Langøy | (0-1) |
| 23: | Kjetil Bjørsvik | (1-2) |
| Kort | ||
|---|---|---|
| 65: | Stian Nesse | ![]() |
| 77: | Ørjan Bongom | ![]() |
| 89: | Daniel Waage | ![]() |
| Innbytte | |||
|---|---|---|---|
| 63: | Espen Dahle | ↔ | Sindre Manger |
| 79: | Stian Vik Birkestrand | ↔ | Jan-Terje Sætre |
| 85: | Marius Fredriksen | ↔ | Geir Hamre |
4-4-2 Lagoppstilling |
||
|---|---|---|
| ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ | ||

Det var ein revansjesugen gjeng som entra bana på Voss i går kveld for å gå for årets tre fyrste poeng mot eit ungt Vossalag. Heile 5 spelarar var nye frå kampen mot NHH sist. Peptalken var kort og Karlsen etterlyste ”attityyyd” og innsats som var fråværende i store delar av forrige kamp.
Før me i det heile kom i gong utmerka den eine linjedommaren ved å plassera seg på feil banehalvleik og mens han småjogga til rett område mumla han den same setninga 4 gongar, ”eg va på feil side eg”.
Kampen starta i høgt tempo, det var tydeleg at me møtte eit lag med mykje pågangsmot og glød. Allereie etter fire minutt er burvaktaren ute for å boksa ballen. Den dett ned til Anders Langøy på sekstenmeteren. Langøy syner god teknikk med å pressa ballen under tverrstonga med målmannen i fullt firsprang attende i målet. Ballen fyk inn og me har fått den best tenkjelege starten på oppgjeret. Diverre går det berre 5 minutt før Jan Terje Sætre er noko uheldig med eit tilbakespel. Bongom må ut og tapar den påfølgjande duellen. Dermed kan ein Vossaspelar setja ballen i tomt bur og me er like langt.
Etter dette følgjer ein periode fortsatt med høgt tempo der me særleg slit med Voss 2 sin gode og kjappe høgrekant. Sætre og Manger byter side og det betrar seg noko.
Så etter 23 minutt får me innkast frå vår høgre side. Endre Brandtun kjem opp for å kasta langt. Innkastet går frå eit Vossahovud ut att til Brandtun som slår eit godt innlegg på bakarste stolpe. Der har Kjetil Bjørsvik løpt seg fri og med eit kontant hovudstøt kan han gjera 1-2.
Voss 2 får ein kjempesjanse ikkje lenge etter då me ikkje er godt nok organiserte i det bakre leddet. Bongom må ut på femeteren og det ser ut som at ballen skal dala over han og i mål. Bongom ryggar febrilsk og får fista ballen til hjørnespark. Hadde ikkje Bongom fått tilstrekkeleg av handa på ballen ville den gått rett i beina på ein Voss2-spelar. Stor prestasjon av Bongom.
I pausen var me einige om at me måtte justera rollefordelinga i presset vårt ein smule. Dette såg ut til å hjelpa og me hadde betre kontroll i det kollektive. Imidlertid fortsatte høgrekanten til Voss 2 å leika med vår venstreside. Voss 2 har ballen mest men me er farleg frampå med nokre høve på overgangar. Diverre kjem aldri 3-1 skåringa og i staden kjem kveldens situasjon i det 77 minuttet. Ei stjerneklår offsideplassert spelar får setja ballen i tomt bur. Underteikna meiner og det var offside i situasjonen før. Diverre synte denne linjedommaren som no var på rett banehalvleik som totalt fråværande. Dommaren såg både ein og to gongar ut på assistenten sin. Heva sågår fløyta til munnen for å blåsa for offside men valgte å støtta seg på assistenten og blas for mål. Til trass for heftige protestar vart målet ståande.
No opna deg seg for alvor opp og store sjansar vart spolerte i begge endar. Me hadde nok vår største då Espen Dahle på meisterleg vis kom seg rundt på kanten. Innlegget var perfekt men diverre fekk Anders Langøy ikkje satt hovudet til på ein god nok måte slik at ballen sneik seg utanfor.
På overtid kjem Daniel Waage seg i gjennom åleine med målmannen. Han vert kakka på leggen slik at han kjem ut av balanse. Ballen rullar inn til målmannen. Dommaren vinkar spelet vidare. Nok ei horribel avgjerding.
Dette var ein kamp me burde klart å drege i land. Nok ein gong er det marginar og denne gongen dommartrion som vert utslagsgjevande. Me er på etterskot poengmessig men dette vil snu seg med same innsats i dei neste kampane. Me skal og hugsa på at me til no har spela 4 av 5 kampar på bortebane.










A-lag neste kamp