Loddefjord — Austrheim/Lindås
fredag 23. april 2010 17:00, Alvøen gress| Kampfakta | |
|---|---|
| Resultat: 3-0 (0-0) | Dommar: Martin Davitian |
| Mål |
|---|
| Kort | ||
|---|---|---|
| 63: | Sindre Manger | ![]() |
| 66: | Frank Martin Lilledal | ![]() |
| Innbytte | |||
|---|---|---|---|
| 54: | Anders Langøy | ↔ | Karl Ludvig Daae |
| 72: | Terje Alvik | ↔ | Sindre Manger |
| 74: | Marius Fredriksen | ↔ | Geir Hamre |
| 82: | Stian Vik Birkestrand | ↔ | Frank Martin Lilledal |
| 82: | Espen Dahle | ↔ | Are Førde |
4-1-4-1 Lagoppstilling |
||
|---|---|---|
| ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ | ||

Etter den værharde vinteren me har vore i gjennom var det etter forholda ei flott grasmatte Loddefjord kunne tilby fredagskvelden. Me var godt forberedte i teorien og kjennskapen til Loddefjordmannskapet var godt dokumentert. Det var difor ein optimistisk A/L-gjeng som entra bana i håp om å kunne ta med seg poeng heim att.
Det fyrste kvarteret vert prega av fullstendig Loddefjorddominans. Me skal etter planen ligga lavt og komprimert med laget men når viljen og innstillinga ikkje er til stades til å flytta beina nok vert me overspelt ved fleire høve. Dei største sjansane skapar Loddefjord likevel på kårnerar. Eit symtomatisk bilete frå denne perioden er då Daae klarerar ein kårner rett opp i lufta på 9-10 meter får kapteinen til Loddefjord stå heilt åleine utan at nokon av våre spelarar tek initiativ til å ofra seg foran. Loddefjord har og nokre andre feite mogleheiter i denne perioden som Ørjan Bongom tek seg av på meisterleg vis. Etter å ha vore fråverande i duellspelet kjem me litt meir inn i det og resten av omgangen er gansk jamnspela utan at me klarar å spela oss til dei heilt klare sjansane. Offensivt er inititiva for lite heilhjarta og sære ofte kjem passningen før løpet i staden for omvendt som ofte er naudsynt for å kunne skapa gjennombrot.
Andre halvleik artar seg lenge som siste halvdel av fyrste. Eit visst Loddefjordtrykk men med A/L med stadige gode sjansar for gode overgangar. Diverre skortar det og på kvalitet og valg i denne omgangen men i det 64 minutt kjem likevel Are Førde mutters åleine med burvaktaren til Loddefjord. Avslutninga vert avverga med ein flott beinparade og det står fortsatt 0-0. Etter dette kjem Loddefjord til fleire farlegheiter før dei før tredd i gjennom på vår venstreside der Daniel Misund kan legga inn til Roar Olsen som på blank kasse kan laga 1-0. Berre fem minutt etter kjem det nesten ein tro kopi av det fyrste målet og dermed 2-0. 3-0 kjem like før slutt denne gongen med rollebyte mellom Misund og Olsen.
Me varierar alt for mykje i prestasjonane i kveld. Me er ikkje på stasjonen då fløytesignalet går og berre flaks gjer at me ikkje ligg under med 2 mål etter kvarteret. For mange står med lua i handa og ventar på at kompisen skal ta ansvar då han like gjerne kunne gjort det sjølve. Kvar og ein bør gå i seg sjølve etter denne kampen. Bjørndalen snakkar om arbeidsoppgåver og for meg kan det verka som om det er fleire av våre spelarar utpå der som ikkje har tenkt eller ikkje er nok klar då kampen sparkast i gong. Er det mangel på ork at me ikkje spring nok eller er det andre ting? No skal eg ikkje bruka det som ei forklaring åleine på kvifor me presterar sopass dårleg men det er nok ikkje berre tilfeldig at den som verkar mest fokusert på oppvarminga og som og er først på plass i garderoben er vår desiderte bestemann i denne kampen. Lagkaptein Ørjan Bongom.










A-lag neste kamp