Fana 3 — Austrheim/Lindås
laurdag 24. april 2010 09:00, Nesttun Kunstgress 2| Kampfakta | |
|---|---|
| Resultat: 3-3 (3-1) | Dommar: Odd Krister Føllesdal |
| Mål | ||
|---|---|---|
| 5: | Kristoffer Hermansen | (0-1) |
| 45: | Robert Sætre Solheim | (3-2) |
| 54: | Bjørn Harald Nævdal | (3-3) |
| Kort |
|---|
| Innbytte | |||
|---|---|---|---|
| 27: | Fredrik Thorgersen | ↔ | Kristoffer Hermansen |
| 33: | Ole Vabø | ↔ | Espen Johannessen |
| 72: | Jonas Haugland | ↔ | Sindre Manger |
| 76: | Sindre Manger | ↔ | Jonas Haugland |
| 79: | Jonas Haugland | ↔ | Ole Vabø |
4-3-1-2 Lagoppstilling |
||
|---|---|---|
| ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ | ||

Laurdagens borteoppgjer mot Fana 3 skulle få ei pangopning sett med lyseblå auge. Are Førde slo ei fenomenal pasning i bakrom til Kristoffer Hermansen, som etter litt om og men kunne banke inn 1-0 til Austrheim/Lindås. Berre få minutt etter slo Martin Ystebø ei perfekt berekna pasning til Jonas Buene som kom på løp bakfrå, og Buene trilla ballen i mål, men det heile vart annullert fullstendig feilaktig, av ein dommar som neppe har sett seg skikkeleg inn i offside-regelen. Buene var både ein og to meter på riktig side. Resten av førsteomgangen skulle bli svartare for bortelaget. Eit så slapt juniorlag har ein ikkje sett sidan på same tid i fjor. Først skulle Fana utlikne på eit hjørnespark etter tafatte forsøk på å klarere. Martin Ystebø var til slutt uheldig på sin stolpe, og sende ballen i eige mål. Ei lita stund etter vart ei Fanapasning broten av Sindre Manger inne i Austrheim/Lindås sitt straffefelt, og ein Fana-spelar var alt for seint inne i duellen, og klippa Manger ned. Ein skulle tru dommaren trudde han var Tornerose, og hadde sove i 100 år, då han droppa å blåse frispark. Dermed gjekk heimelaget opp til 2-1 omtrent utan motstand. 3-1-scoringa skulle også vere av den lette sorten. Ein Fana-spelar fekk føre ballen upressa inn i straffefeltet, og sende ballen i mål bak Ole Fredrik Fanebust. Lite bestemt forsvarsspel av høgreback Vabø. Like før pause skulle Austrheim/Lindås få inn ei redusering. Eit langt innkast frå Sindre Manger havna i beina på Robert Sætre Solheim, som kunne smile for si første scoring for sesongen.
Den andre omgangen skulle bli den strake motsetning frå den første. Før omgangen var ti minutt gamal mottok Jonas Buene eit kast frå Ole Vabø. Han tok ballen med seg nokre meter oppover høgresida, før han la innlegget til Bjørn Harald Nævdal, som tok ballen ned og utlikna for dei lyseblå. Etter kvart skulle bortelaget få fleire og større sjansar enn dette. Først tråkla Jonas Buene seg nok ein gong nedover høgresida, og slo eit innlegg som igjen traff Bjørn Harald Nævdal, men den unge spissen makta ikkje å treffe mellom stengene. Ei lita stund etter kom Are Førde åleine med keeper, men eit dårleg touch gjorde at ballen berre trilla over dødlinja. Robert Sætre Solheim kom så gjennom på venstrekanten, men valde å skyta framfor å legge ballen framom kassa, og målvakta redda skotet frå spiss vinkel. Martin Ystebø fekk sendt eit skot mot mål frå om lag 14 meter, men forsøket vart redda på streken. Like før slutt spela Jonas Buene vegg med Are Førde på venstrekanten, og kunne forsere inn i straffefeltet, før han la ballen inn like framom mål, der Bjørn Harald Nævdal dessverre trilla ballen like utanfor. Dette var det siste som skjedde i kampen, og trenar Yngve Kversøy måtte konstatere at to poeng gjekk tapt.
Etter ein dårleg førsteomgang som ingen var nøgde med, kom ein andreomgang der bortelaget køyrde over motstandarane, men ikkje fekk den avgjerande scoringa i nota.









A-lag neste kamp