Rosendal — Austrheim/Lindås
laurdag 10. april 2010 10:00, Rosendal idrettsplass| Kampfakta | |
|---|---|
| Resultat: 3-2 (1-2) | Dommar: Bjørn Tore Tvedt |
| Mål | ||
|---|---|---|
| 11: | Are Førde | (0-1) |
| 42: | Are Førde | (1-2) |
| Kort | ||
|---|---|---|
| 76: | Terje Alvik | ![]() |
| Innbytte | |||
|---|---|---|---|
| 73: | Marius Fredriksen | ↔ | Anders Langøy |
| 83: | Stian Vik Birkestrand | ↔ | Jan-Terje Sætre |
| 83: | Sindre Manger | ↔ | Frank Martin Lilledal |
| 88: | Anders Langøy | ↔ | Terje Alvik |
4-4-2 Lagoppstilling |
||
|---|---|---|
| ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ ◊ | ||

Årets første seriekamp var også årets lengste reise til kamp ettersom det var Rosendal som var motstandar. Kampen gjekk på kunstgras, sjølv om naturgrasbana like ved nok også kunne vore nytta.
Første halvleik var ein jamn affære, men A/L hadde nok eit lite initiativ i store delar. Det var då også A/L som gjekk i føringa. Dei to unge og tekniske backane til A/L kombinerte fint. Først var det debutanten Frank Martin Lilledal som runda rundt med kant og back på høgre sida, før han slo lavt og hardt inn framføre mål. Der hadde Are Førde rykka seg fri og satte ballen kontant i buret til første seriemål i 2010.
Utlikninga kom då eit frispark vart satt hardt mot mål. Kaptein Ørjan Bongom fekk slått ballen i tverrleggjar, på returen var ikkje A/L forsvaret påpasseleg og ein Rosendalspelar fekk relativt uforstyrra sett ballen i mål via klypene til Bongom. Det hører med til historien at det i situasjonen frisparket skulle ha vore frispark til A/L både for hands og stempling av Frank Martin Lilledal.
A/L skulle likevel gå til pause med leiing. Det sørga Are Førde for i fint samspel med Anders Langøy. Langøy serverte Førde med eit fint gjennomspel, og Førde var særs trygg då han sette inn 2-1. Muligens var det ein offside ved dette målet, men linjedommaren gjorde ingen miner til å heise flagget og målet vart godkjent.
I andra halvleik var det det Rosendal som hadde eit initiativ. Dei gav ikkje opp og skulle få svært godt betalt for den haldinga. Det nærma seg halvspela omgang då utlikninga kom. Stian Nesse var uheldig med ei klarering i straffefeltet og ballen trilla ut til ein Rosendalspelar som stod klar på knappe 15 meter. Han sete ballen kontant i nettet bak Bongom.
Mot slutten av kampen var det Rosendal som jaga sigeren medan A/L forsvarte det eine poenget. Som ved dei to første måla til Rosendal var det ein retur ut i farloig område som vart ekspedert i mål. Om ikkje tida var passert 90 minutt då vinnarmålet kom, så var det ikkje langt unna. I overtidsminutta hadde A/L høve til å få med seg det eine poenget fleire gongar. Stian Vik Birkestrand hadde sjansar, Are Førde kunne fort blitt tremålskårar, og ikkje minst burde han fått straffe då den gode stopparen til Rosendal var ute med tjuvtriksa og stoppa Førde ureglementert på overtid.
Det vart ein tung tur attende til Lindås og Austrheim etter dette resultatet. A/L hadde definitivt fortent å få med seg noko frå dene kampen som totalt sett var nokså jamn. I positiv retning kan ein merke seg den nykomponerte midtbana til A/L som med løpskapasitet og teknikk vil kunne bli hovudbry for fleire lag i pulja. Forutan tomålsskårar Are Førde, må også debutant Frank Martin Lilledal framhevast. A/L sin yngstemann viste slepen teknikk, bra blikk og imponerande ro med ballen. Det skal bli spanande å følgje Lilledal resten av sesongen.










A-lag neste kamp