Hjem A-lag Kampar 2010 måndag 05. april 2010 13:00
tilbake til årsoversikt for 2010...

Radøy/Manger — Austrheim/Lindås

måndag 05. april 2010 13:00, Grønålen
Kampfakta
Resultat: 3-2 (1-1) Dommar:
Mål
28: Are Førde (0-1)
46: Daniel Waage (1-2)
Kort
Innbytte
34: Stian Vik Birkestrand Sindre Manger
45: Marius Fredriksen Karl Ludvig Daae
59: Sindre Manger Endre Brandtun
61: Terje Håland Frank Martin Lilledal
66: Geir Hamre Stian Vik Birkestrand
74: Kjetil Haugland Jan-Terje Sætre
74: Kjetil Bjørsvik Terje Alvik
4-4-2
Lagoppstilling
 ◊   ◊   ◊   ◊   ◊   ◊   ◊   ◊   ◊   ◊ 
av Jan-Terje Sætre

4-4-2Naboane R/M og A/L barka saman til generalprøve før laurdagens serieopning i fjerde divisjon. Endre Brandtun er henta inn av trenar Karlsen grunna skadeproblem i dei bakre ledda hos A/L. Dei fyrste minutta var prega av stillingskrig der våre spelarar ikkje heilt var på det hugget me kunne ønskt oss. Litt etter litt tok me over midtbana og hadde lengre periodar med vedvarande trykk mot heimelaget. Likevel måtte me venta til det 38 minutt før me fekk uttelling. Daniel Andersen Waage slo ein hard kårner på bakre stolpe der Are Førde upressa kunne nikka inn 1-0 til A/L. Like før pause får så R/M ein av sine få sjansar i fyrste halvleik. Endre Brandtun er litt for hissig etter å vinna ballen nede ved kårnerflagget. R/M får dermed eit frispark som dei slår inn i feltet. Dårleg organisering gjer at ein R/M-spelar får løpa seg fri og gjera 1-1 med pannebrasken frå 6-7 meters hald. Ved dette høvet må me organisera oss tidlegare og dermed vera meir forberedt i det frisparket går.

Det fyrste kvarteret av andre halvleik skulle visa seg å verta eit fyrverkeri av nokre minutt. Det heile byrja med at Frank Martin Lilledal gjorde som han fekk beskjed om i pausen. Nemleg å utfordra meir på backen sin. Lilledal fekk tråkla med seg ballen på forunderleg vis inn i 16-meteren til R/M. Her vart han klippa ned bakfrå og eit soleklårt straffespark var eit faktum. Daniel Andersen Waage var sikker frå ellevemetersmerket som ikkje var i Grønålen.

Like etter meiner Endre Brandtun at han vert dratt i skjorta av ein R/M-spelar og tek att med same mynt. Dommaren meiner dette kvalifiserer til straffe og rutinerte Terje Tangedal kan dermed gjera 2-2.

3-2 kjem på ein kontring der med er oppe med mykje folk etter ein kårner. Det lange framspelet vert jakta på av lindåsingen Andre Fivelsdal Semmingsen. Ørjan Bongom er ute på 20 meter og er fyrst på ballen. Han er noko uheldig med klareringa og treff Fivelsdal Semmingsen. Han får kontroll på ballen og kan senda den i ope bur frå 16 meter. Resten av omgangen blir prega av Hawaifotball frå begge lag. Me er altfor dårleg organiserte både i midtbane- og forsvarsleddet. Ved for mange høve kjem R/M i overtall på oss utan at dei klarar å kvittera. Me har og våre sjansar til å kunne utlikna men for lite besluttsomheit i avslutningane gjorde at me ikkje fekk fleire skåringar.

Alt i alt ein under middels generalprøve for vår del. For mange feilval når me skal framover gjer at me får for mange brot i mot. Samstundes ser eg at duellspelet må betrast. Ikkje før Anders Langøy sette inn nokre sugne taklingar etter 15 minutt byrja me å vinna dei. Det defensive kollektive arbeidet må opp for å få meir tryggleik. Eg er rimeleg trygg på at me skal klara å skapa sjansar i alle kampar me spelar. Fjorårets toppskårar Karl Ludvig Daae måtte gje seg etter ein omgang. Frank Martin Lilledal som syner mange bra ting måtte og ut med skade. I tillegg slit Terje Håland og det er usikkert om desse vert klare til laurdag. Lilledal og Daniel Andersen Waage var kan hende våre beste mot Radøy/Manger.

A-lag neste kamp
Austrheim/Lindås
-
Laksevåg
A-lag tabell
Loddefjord
16
41
Valestrand Hjellvik
16
39
Djerv
16
31
Laksevåg
16
28
Radøy/ Manger
16
28
Ny-Krohnborg
16
26
Norges Handelsh
16
25
Sandviken
16
22
Voss 2
16
11
Fusa Fotball
16
11
Rosendal
16
8
Austrheim/ Lindås
16
5
Jr. lag neste kamp
Austrheim/Lindås
-
Nordre Holsnøy IL
Jr. lag tabell
Askøy
8
22
Sandviken
8
21
Austrheim/ Lindås
8
14
Eikanger
8
12
Nordre Holsnøy IL
8
12
Lyngbø SK 2
8
10
Djerv, SK G19
8
5
Fyllingen 2
8
4
Fana 3
8
4
Valestrand Hjellvik
0
0
Austrheim / Lindås Idrettslag, Adresse 1, 5943 Austrheim
post@a-lag.com