Hjem A-lag Kampar 2010 onsdag 10. mars 2010 14:00
tilbake til årsoversikt for 2010...

Bergen Nord 2 — Austrheim/Lindås

onsdag 10. mars 2010 14:00, Salhus Kunstgras
Kampfakta
Resultat: 2-5 (0-1) Dommar:
Mål
42: Are Førde (0-1)
56: Martin Ystebø (0-2)
60: Are Førde (0-3)
72: Jonas Buene (1-4)
82: Martin Ystebø (1-5)
Kort
Innbytte
32: Ole Fredrik Fanebust Sindre Manger
43: Sindre Manger Ole Fredrik Fanebust
45: Ole Fredrik Fanebust Øyvind Bjerkestrand
70: Lars Nesse Fredrik Thorgersen
75: Fredrik Thorgersen Bjørn Harald Nævdal
4-5-1
Lagoppstilling
 ◊   ◊   ◊   ◊   ◊   ◊   ◊   ◊   ◊   ◊ 
av Jonas Buene

4-5-1

For første gong på lenge var det igjen mogleg å spela fotball på eit relativt bra underlag, då Austrheim/Lindås møtte Bergen Nord til treningskamp. Med ein tropp beståande av 13 mann, etter forfall av diverse slag, skulle juniorane til slutt dra i land ein kontrollert siger. 

I byrjinga av kampen var det ikkje dei store sjansane å føra opp i protokollen. Juniorane i lyseblått hadde stort sett kontroll på kampen, og styrte spelet. Etter kvart kom det også eit par scoringssjansar, og spesielt Are Førde klarte å skape farlege situasjonar. Den første verkeleg store sjansen kom då Førde slo eit lavt innlegg framfor mål, der Bjørn Harald Nævdal berre var den velkjende skostørrelsen frå å sende Austrheim/Lindås i leiinga. Berre få straksar etter kom eit nytt innlegg som enda med at ballen spratt laus etter ein hovudduell Fredrik Thorgersen kjempa seg til uavgjort i. Jonas Buene lukta den lause ballen, men avslutninga gjekk i tverrliggjaren og over mål. Fleire mindre sjansar kom utover i omgangen, men utteljinga kom ikkje før like før pause, då Are Førde vakkert sende ballen i ein boge over keeper og i mål frå knappe 20 meter.  

I andre omgang etablerte Austrheim/Lindås tidleg eit godt trykk inne på Bergen Nord sin banehalvdel, og etter eit kvarter av andre omgang var leiinga tredobla. Først sette Martin Ystebø inn 2-0 etter litt om og men inne i sekstenmeteren, før Are Førde kunne notere seg for sitt andre for dagen, etter å ha ekspedert eit flott innlegg, eventuelt mislukka skot, frå Sindre Manger i mål. Nokre minutt seinare reduserte Bergen Nord på eit godt plassert frispark. Lufta gjekk ikkje utav bortelaget av den grunn, og berre få straksar seinare plukka Jonas Buene ballen opp i returrommet etter eit hjørnespark, og med eit ikkje heilt perfekt treff gjekk ballen likevel i ein perfekt boge over keeper og inn i det næraste hjørnet. Austrheim/Lindås fortsette heile kampen ut med å vere hakket betre enn Bergen Nord på det meste, og Martin Ystebø kunne også innkassere si andre scoring for dagen etter at han runda keeper og enkelt sette inn 5-1, før Bergen Nord noko unødvendig fekk setje inn eit trøstemål like før slutt.  

Alt i alt ein godt gjennomført kamp av juniorane, og spesielt dagens nye backar, Sindre Førde og Marius Fredriksen, gjorde særs gode figurar for dei lyseblå.

A-lag neste kamp
Austrheim/Lindås
-
Laksevåg
A-lag tabell
Loddefjord
16
41
Valestrand Hjellvik
16
39
Djerv
16
31
Laksevåg
16
28
Radøy/ Manger
16
28
Ny-Krohnborg
16
26
Norges Handelsh
16
25
Sandviken
16
22
Voss 2
16
11
Fusa Fotball
16
11
Rosendal
16
8
Austrheim/ Lindås
16
5
Jr. lag neste kamp
Austrheim/Lindås
-
Nordre Holsnøy IL
Jr. lag tabell
Askøy
8
22
Sandviken
8
21
Austrheim/ Lindås
8
14
Eikanger
8
12
Nordre Holsnøy IL
8
12
Lyngbø SK 2
8
10
Djerv, SK G19
8
5
Fyllingen 2
8
4
Fana 3
8
4
Valestrand Hjellvik
0
0
Austrheim / Lindås Idrettslag, Adresse 1, 5943 Austrheim
post@a-lag.com