Hjem A-lag Kampar 2010 onsdag 27. januar 2010 16:00
tilbake til årsoversikt for 2010...

Austrheim/Lindås — Flaktveit

onsdag 27. januar 2010 16:00, Rossland
Kampfakta
Resultat: 3-2 (1-2) Dommar: Anders Olav Dale
Mål
23: Andre Fivelsdal (1-0)
68: Frank Martin Lilledal (2-2)
74: Kjartan Ervik (3-2)
Kort
36: Sondre Sande card
Innbytte
45: Are Førde Kjetil Haugland
45: Gunnar Korsfur Marius Fredriksen
45: Andrè Sætre Solheim Håvard Vagstad
60: Frank Martin Lilledal Jan-Terje Sætre
63: Marius Fredriksen Sondre Sande
4-4-2
Lagoppstilling
 ◊   ◊   ◊   ◊   ◊   ◊   ◊   ◊   ◊   ◊ 
av Tor Eivind Karlsen

4-4-2

Nordre-Holsnøy har invitert oss til å benytta anlegget deira så mykje me ynskjer i vinter. Det var difor med stor tilfredsheit at me vart møtt av ei så god bane som det er mogleg å få til etter det massive snøfaet som har vore i januar.
 
Kveldens motstandar var divisjonskollega Flaktveit. Dei er inne i elite generasjonsskifte og det var eit ungt lag me møtte. Sjølve hadde me 6 juniororar med. Me gjekk ut i ein velkjent 4-4-2 variant der me fokuserte på kreativitet i oppspelsfasen samt at me ville sjå arbeidssame løpsvillege Austrheim/Lindåsspelarar.
Dei fyrste 15 minutta var positive for vår del. Me kontrollerte banespelet og det var difor ikkje ufortent då Andre Semmingsen Fivelsdal i kamp med keeper på halvdistanse fekk pirka inn leiarmålet. Etter dette fulgte nokre minutt med stillingskrig. me var for unøyaktige i spelet vårt til at me klarte å halda initiativet me hadde i byrjinga av kampen. Ved eit av dei mange tilbakespela Øyvind Bjerkestrand måtte ta seg traff han ikkje heilt reint og ein Flaktveitspelar fekk stjernetreff frå omlag 30 meter. Bjerkestrand var litt for langt ute til å nå opp til ballen som fint duppa under tverrstonga. Cirka 10 minutt før pause får så Flaktveit frispark frå 23 meter. Ballen sprett i det sleipe underlaget føre Bjerkestrand som må gje ein litt unødvendig retur. Der er våre spelarar fråverande medan Flaktveit enkelt kan putta returen i mål.
 
Me var ikkje nøgde med dei fyrste 45 og andre halvleik skulle verta ei anna affære. me køyrde kampen frå start til mål. Gutespelar frank Lilledal debuterte og fekk ballen i returrommet.kaldt og roleg kunne han setja den i hjørnet og dermed 2-2. Sigersmålet kom då Are Førde ikkje nådde heilt fram på eit innlegg frå venstre. det gjorde ikkje noko då Kjartan Ervik var på pletten og enkelt kunne breisida inn sigersmålet. Me hadde i tillegg til dette fleire store sjansar både med nemde Lilledal og Førde samt Anders Langøy.
 
Alt i alt ei positiv oppleving der dei som avslutta kampen heldt ei særs låg gjennomsnittsalder. Sjølvsagt er det ting å setja fingeren på slik det skal som hør og bør i januar. Me mangla eit helt lag med spelarar som er sugne på å spela seg inn i ellevaren.
 

A-lag neste kamp
Austrheim/Lindås
-
Laksevåg
A-lag tabell
Loddefjord
16
41
Valestrand Hjellvik
16
39
Djerv
16
31
Laksevåg
16
28
Radøy/ Manger
16
28
Ny-Krohnborg
16
26
Norges Handelsh
16
25
Sandviken
16
22
Voss 2
16
11
Fusa Fotball
16
11
Rosendal
16
8
Austrheim/ Lindås
16
5
Jr. lag neste kamp
Austrheim/Lindås
-
Nordre Holsnøy IL
Jr. lag tabell
Askøy
8
22
Sandviken
8
21
Austrheim/ Lindås
8
14
Eikanger
8
12
Nordre Holsnøy IL
8
12
Lyngbø SK 2
8
10
Djerv, SK G19
8
5
Fyllingen 2
8
4
Fana 3
8
4
Valestrand Hjellvik
0
0
Austrheim / Lindås Idrettslag, Adresse 1, 5943 Austrheim
post@a-lag.com